Rekordpulje i Jotunheimen Rundt 2012?
Sogn CK vurderer å arrangere Jotunheimen Rundt med eiga rekordpulje i 2012. Hvis du har interesse av dette, er vi interessert i å få tilbakemelding frå deg. Vi ønskjer også tips om korleis vi på beste måte kan organisere dette med omsyn til følgebilar, service, sikkerheit, storleik på pulja og så vidare.
Bruk kommentarfeltet nedanfor, eller send oss email på post@jotunheimenrundt.com
Jotunheimen Rundt/Sognefjellrittet 2012
PÅMELDING STARTAR 1.MARS 2012
Jotunheimen rundt 2011
SOGN CK TAKKAR ALLE MEDHJELPARAR, VAKTER, RØDE KORS-LAG OG OTTADALEN SK FOR EIN KJEMPEINNSATS I HELGA. VERET SKAPTE STORE UTFORDINGAR UNDER RITTET, MEN DE HAR UTFØRT ARBEIDET PÅ EIN STRÅLANDE MÅTE.
258 fullførte det 21. Jotunheimen rundt i eit særdeles utfordrande vêr. Heile 108 valde anten å ikkje starte eller fullføre eit av dei tøffaste ritta, vêrmessig, på mange år.
Førdesyklisten Michael Johansen vart beste mann med god margin på tida 13:16:26.
Monica Storhaug, Eidsvoll SK vart også i år beste kvinne med tida 15:11:01.
Sjå Resultatliste 2011 -oppdatert 26.7.
Sjå totalliste per ritt -oppdatert 26.7.
Sjå også:
- «Sjeldan så sliten», Nrk Sogn og Fjordane
- «Førdianar suveren», Sogn Avis
- «Verste eg har vore med på», Sogn Avis
Sjå fleire lenker under Foto/Innlegg
Sognefjellrittet 2011
Då er nykomlingen Sognefjellrittet vel i hamn, etter at Lille Jotunheimen skifta namn i år. 251 av 296 påmelde fullførte rittet.
Tormod Ulven, CK Valdresekspressen og Thomas Kristiansen Grønfur, Førde CK var dei to raskaste karane over fjellet og kom inn til lik tid, 3:54:15.
Mari Trønnes, Ottadalen SK var raskaste kvinne over Sognefjellet på tida 4:06:33
Same resultatliste som for Jotunheimen rundt.
JOTUNHEIMEN RUNDT
Sogn Cykleklubb arrangerer:

Jotunheimen rundt 2011 med start 8.7. kl 21:00 (og kl 18) i Lærdal
Maksimum deltakartal på Jotunheimen rundt: 600
Offisiell startliste med 337 startande
SOGNEFJELLRITTET fra Lom til Sogndal

Sognefjellrittet 2011 med start i Lom 9.7. kl 13:00
Maksimum deltakartal på Sognefjellrittet: 400
Liste over 232 førehandspåmelde












