Sognefjellrittet

Denne «miniutgåva» av Jotunheimen Rundt har etter kvart fått svært godt omdøme. Du syklar gjennom noko av det vakraste som er av norsk natur.

Dei kjappaste tek seg opp Bøverdalen, over fjellet, ut Lustrafjorden og ned frå Hafslo til Sogndal på under fire timar. Tyngda av feltet brukar mellom seks og åtte timar på denne turen, og kjem til mål i Sogndal samstundes med deltakarane i Jotunheimen Rundt.

Startområdet i Lom er lagt til det romslege arealet inntil stavkyrkja og skulen. Her er det rikeleg med plass både for bil og sykkel. På same stad kjem ryttarane frå Jotunheimen Rundt inn frå Valdresflya, til varm mat og ei kortare eller lengre rast. I Lom har dei gjennomført to tredjedeler av Jotunheimen Rundt.

Ut frå Lom går såleis to grupper ryttarar, dei som nett har byrja på sine 137 km og som nøyer seg med Sognefjellrittet og dei som har nesten tredve mil i beina på dette tidspunktet. Saman rullar dei innetter Bøverdalen, forbi Elvesæter, Krossbu, Sognefjellshytta, Fortun, Skjolden, Luster, Gaupne, Hafslo, like inn til den sjarmerande Sogndalsfjøra, der eit fargerikt målområde står klart til å ta imot slitne utøvarar.

Sognefjellrittet høver godt for terrengsykkel og kan godt nyttast viss ein tek det som ein tur. Vil du følgje «pulja» så er racer å anbefale.

I fjor viste Sognefjellet seg frå si beste side, og det vart ei fantastisk oppleving for dei vel 200 deltakerene. Mange tok seg god tid ved Sognefjellshytta,  norsk idrett sin mest attraktive rastestasjon, for å få i seg nysteikte vafler med syltety og rømme. Turen derfra til neste «vaffelstasjon» på Dale skule i Luster, går av seg sjølv. Derfra er det kun 45 km til mål i Sogndal.

Kommentarfri side.

Strava
Jotunheimen Rundt
Sognefjellrittet
Hovudsponsorar




Sponsorar




  • Breiband til Jotunheimen rundt